På forsommaren feira nevøen sitt første år. Mammaen hadde eit ønske om Mariusdress, og tanta var snar med å love at dress skulle det bli. Men så er eg jo ikkje så glad i å strikke mønster, og så blei det litt varmt å strikke i Sterk og så var det så mange andre prosjekt som frista meir. Så når vi kom til bursdagsfeiring hadde tanta med to leikebiler i pakken, men framleis med plan om Mariusdress til sesongen for ullkle igjen kom. Iløpet av sommaren strikka eg litt når temperaturen var lav nok og det gjekk ganske greit oppover. Sidan eg syns den originale Mariusdressen ser ganske klumpete ut med påsydde ermer, iallefall når den skal under regnkle eller vinterdress, bestemte eg meg for å strikke den med rundfelling. Og det fins det ikkje oppskrift på. Så då blei det å mikse oppskrifta på dress med oppskrifta på genser med rundfelling. Med litt prøving på mottaker innimellom gjekk dette heilt greit, og dressen blei ferdig akkurat idèt hausten satte inn.
Mønsterstrikk viste seg å ikkje vere så skummelt likevel, å blande to oppskrifter gjekk òg heilt fint. Og dressen blei fantastisk flott i mine auge. Så då var det ikkje vanskeleg å bestemme seg for å strikke ein til. Den strikker eg i ein litt anna farge og er snart ferdig. Den skal sendast til Fikslein som julepresang (hysj!), men kan opnast i oktober sånn at den blir brukt mest muleg når det er sesong for varme kle. Ifjor fekk han Nøstebarndress, og sjølv om den er ein av mine favorittplagg til ein barnehageunge trur eg nok Mariusdress skal fungere like godt.
– Nøstet –
[…] ein god og delt andreplass kjem Mariusdressane eg strikka til Fikslein og Nevøen. Eg lurer på å strikke ein til Snuppa iløpet av […]
[…] bedre for stor enn for liten iallefall, då veks han inn i den. Sidan eg nettopp har strikka ein Mariusdress i originalfargar, valde eg å strikke denne i andre fargar. Strikkebutikken har fått inn masse nye flotte fargar i […]
Så fin den ble, og det var smart å lage rundfelling. Perfekt ulldress til å ha under regntøy eller parkdress.
Takk! Eg blei veldig fornøgd, og dress nr 2 er allereie ferdig. Lurer faktisk på å strikke enda ein… ;).
Helsing Nøstet.
Nice dress! Veldig bra med rundfelling, påsying av armar er berre tull 🙂 Kva to mønster var det du miksa?
Takk for det! Eg blanda to mønster frå Mariusboka, dressmønsteret og genser med rundfelling meiner eg det heitte. Mulig du må justere maskeantalet med eit par masker for at dei skal passe sammen. Det var iallefall ikkje vanskelig å få det til. Lykke til om du skal gjere det samme.
Helsing Nøstet.