Ein varm og deilig dress er det klart ein liten kar må ha når haustkulden set inn. På strikkebutikken kunne dama anbefale garnet Fin til prosjektet. Eit aldeles nydelig, mjukt garn som eg ikkje hadde prøvd før. Snorkedress frå Pickles har vottar og sokkar på dressen og det syns eg var ein kjekk detalj. Sånne små blir fort kalde på hendene og føtene, og desse som berre blir bretta over vil ikkje dette av som lause vottar vil.
Store, grove knappar gjorde at dressen ikkje blei alt for søt til ein liten tøffing! Dressen blei sendt til Snelleguten ilag med ribbebuksa til Fikslein.
– Nøstet –
[…] strikka Høstløvdress til samme gut, og brødrene har fått både Nøstebarndress, Mariusdress og Snorkedress. Denne hausten trur eg alle har den ulla dei trenger, men eg skal nok finne nokre kjekke prosjekt […]