Idag er det jammen berre 9 veker til jul! Har du begynt å lage julegåver? Det har sjølvsagt eg. Første julegåve er ferdig strikka og allereie opna av mottaker. Eit strikkeplagg til vinteren kan ikkje vente til halve sesongen har gått. No viste det seg at Mariusdressen til Fikslein var litt stor, så eg kunne kanskje venta til jul likevel. Men bedre for stor enn for liten iallefall, då veks han inn i den. Sidan eg nettopp har strikka ein Mariusdress i originalfargar, valde eg å strikke denne i andre fargar. Strikkebutikken har fått inn masse nye flotte fargar i Sterk, så det var mange å velge mellom.
Det blei ein skikkelig haustdress, og eg blei utruleg glad når eg fann den fine haustgule som passa perfekt til den mosegrøne.
Så no er det berre resten av julegåvene som må lagast. Her skal det strikkast sokkar og huer, genser, sjal og restetepper. Det skal òg syast littegrann, sengesett til dukkevogn er det nokon som har ønska seg, og Snuppa vil ha kle til seg sjølv.
Dei neste 9 vekene skal altså benyttast godt. Om eg blir ferdig med alt er vel lite truleg, så det kan jo vere nokon får eit «gåvekort» i pakken og det ferdige produktet i romjula eller at eg må suse innom nokre butikkar nokre dagar før jul for å finne alternative gåver.
– Nøstet –
[…] har eg strikka Høstløvdress til samme gut, og brødrene har fått både Nøstebarndress, Mariusdress og Snorkedress. Denne hausten trur eg alle har den ulla dei trenger, men eg skal nok finne nokre […]
[…] noko godt bilete av. Garnet Sterk er eit av mine favorittgarn, og det brukte eg òg når eg strikka Mariusdress til storebroren. – Nøstet […]
[…] ein god og delt andreplass kjem Mariusdressane eg strikka til Fikslein og Nevøen. Eg lurer på å strikke ein til Snuppa iløpet av […]
[…] t.d. aldri hatt så mange hyggelege strikkesamtalar som då Fikslein sprang rundt på Gardermoen i sin skjønne, grøne mariusdress sist […]
[…] dressen blei fantastisk flott i mine auge. Så då var det ikkje vanskeleg å bestemme seg for å strikke ein til. Den strikker eg i ein litt anna farge og er snart ferdig. Den skal sendast til Fikslein som […]