No er det nedtelling her! Tenk at det verkeleg berre er 8 veker igjen til jul! Det produserast julegåver i alle ledige stunder. Det er framleis lite som er ferdig, men mykje er undervegs. Når eg får ein idé og ikkje har kort tidsfrist på det eg allereie held på med, berre MÅ eg sette igang umiddelbart. Dermed ender eg opp med masse påbegynte prosjekt.
Ein av dei få gåvene som er heilt ferdig er Huer med vri. Oppskrifta fann eg hos litlo & kalen, og den er svært enkel og grei. Eg strikka huene i Sandnes Duett, eit garn som er gått ut av produksjon. Det er 50% ull og 50% bomull, og ganske mjukt. Den eine hua er til ei niese som syns alt av strikkakle klør. Satser på at dette er unntaket. Den andre hua er til Snuppa, mulig den dukker opp i adventskalenderen hennes.
Treng du meir hueinspirasjon? Eg har strikka mange dei siste åra. Florisse Hat, Line-hua, fleire i Lue-alongen til uformelt og ei nydelig med blomst som eg faktisk held på å strikke fleire av akkurat no. Huer er supre gåver, og i motsetning til votter og sokker som òg er flotte gåver er du ferdig når du har strikka ei.
– Nøstet –
[…] har eg strikka i Sandnes Duett, det samme garnet som eg brukte til huene med vri eg strikka i forrige veke og til puta i vevstrikk som var ei av julegåvene ifjor. Garnet var ei […]
Så kjekt å sjå Huer med vri strikka av andre 🙂 Har heile tida ei på pinnane, så det ligg an til at mange får slike til jul av oss i år…
Så mykje flott og inpsirerande det var på bloggen dykkar! Her kjem eg innom igjen 🙂
Tusen takk! Eg er ofte innom din blogg, men eg er ikkje så flink å legge inn kommentar! Skal bli flinkere med det! Huene var kjempekjekke å strikke, så eg kjem heilt sikkert til å strikke fleire. Desse passer jo kjempefint til både små og store, og var kjappe å strikke. Flott at du legg ut oppskrift!
Ha ein flott kveld!
Helsing Nøstet.