Julegåveplanane er mange, og nokre dagar endrar dei seg fleire gongar. Det er godt det framleis er litt tid igjen.
Bellatunikaen tippar eg at det er mange små skjønne jenter som finn under treet i år. Heftene frå Lene Holme Samsøe, Baby- og børnestrik på pinde 3 og 3 1/2 – 4 har mange variantar av Bella. Ein kan velge mellom teppe, tunika, jakke, kjole eller topp. I heftene er det òg mange andre fine julegåvetips.
Snella strikka Bellakjole frå heftet med tynnare pinnar, mens eg har strikka tunika frå heftet for tjukkare pinnar. Tunikaen er allereie tatt i bruk av Snuppa mi, så her i huset blir det ikkje julegåve.
Tunikaen har eg strikka i Sandnes Duett, det samme garnet som eg brukte til huene med vri eg strikka i forrige veke og til puta i vevstrikk som var ei av julegåvene ifjor. Garnet var ei gåve frå strikkeveninna som var innom lagerutsalget til Sandnesgarn ifjor. Eg har framleis nokre få nøster igjen, og sidan lilla er ein av favorittfargane både til mor og dotter skal det nok bli ei råd å få brukt dei opp.
– Nøstet –
Hvor kan jeg få tak i oppskriften til Bellatunika? Vennlig hilsen Unn T. Venaas
unnvenaas@gmail.com
Hei. Bellatunika kan du finne i heftene til Lene Holme Samsøe. Eg har ikkje heftene foran meg, men eg trur det er i heftet som heiter Babystrikk på pinne 3.
[…] i Sterk til Snuppa. Bellamønsteret er enkelt og dekorativt, og det har eg strikka før i tunika og Snella har strikka kjole. Mønsteret er som sikkert dei fleste veit frå hefta til Lene Holme […]
[…] Eit av favorittmønstera frå eit av favoritthefta av favorittdesigneren, strikka i favorittgarnet. Prikkejakke frå Børnestrik med pinde 3,5 til 4, designa av Lene Holme Samsøe, og strikka i Sterk.Frå det heftet har eg tidligare strikka Siggis Slipover og Bellatunika. […]
Nydelig tunika, likte både fargen og mønsteret.Supert med slike pynteplagg som samtidig er varme og praktiske. 😀
Tusen takk! Heilt perfekt tunika til barnehage og skule. Jentene vil ofte pynte seg med kjole sjølv om det er vinter, og då er veldig kjekt at dei i tillegg er praktiske. Og Bellamønsteret seglar vel opp som ein ny klassiker!
Helsing Nøstet.