Ja, no nærmer det seg jammen jul! I nøsteheimen er julekorta bestilt og ein del av kjøpegåvene er i hus. Adventstida skal i år nemlig brukast til koselegare aktivitetar enn å springe rundt på butikkar. Ein del av dei heimelaga gåvene er òg ferdige. Eine niesa ønska seg kle til Babyborndukka si, og det er det klart at tanta kan fikse.
Litt over eit nøste med knall rosa blei til kjole/lang genser, ei alpehue og eit par sokkar. Eit påbegynt nøste med gult blei ribbestrikka tights. Oppskrifta var eigentleg ei strømpebukse, men etterkvart som eg kom nedover beina innsåg eg at det ikkje var nok garn. Heldigvis var det nok til at tightsen blei lang nok. Oppskriftene finn du i Sandnes 1207 dukke.
Treng du meir inspirasjon til dukkekle har eg skrive meir om det i eit tidligare innlegg. Det er masse flotte kle som kan strikkast av små rester garn. Eg skal strikke minst eit sett til før jul.
– Nøstet –
NYDELIGE dukkeklær du strikker, det hadde vært noe for prinsessa si dukkelise! 😉
Tusen takk! Eg synes det er veldig kjekt å strikke sånne små plagg. Raskt ferdig, masse fine mønster å velge i, og ikkje minst så kan ein leike seg med farger!
Helsing Nøstet.