Veninna mi som er like glad i Berlin som eg, fylte nettopp 40 år. Det var ingen tvil om kva ho måtte få: eit sitteunderlag med Ampelmänner, både Steher og Geher, til å ha i parken når ho skal sitte og strikke medan ungane spring rundt.
Det tova sitteunderlaget med kattar i Létt Lopi vart veldig vellukka, så eg tok utgangspunkt i det. Og på garnlageret låg dei tre platene med Plötulopi (plate-Lopi), kjøpt på Álafossutsalet fordi dei var artige og hadde fine fargar, og ropte.
*
Plötulopigarnet er uspunne og temmeleg vanskeleg å strikke med, for det slitnar heile tida. Hadde eg vore god med rokken, hadde eg kanskje spunne det. Men det gjekk på eit vis, og det tova godt. Nesten for godt.
*
*
Mønsteret på raud og grøn mann teikna eg opp etter beste evne på rutepapir. Nokon burde verkeleg lage rutepapir som gjengir forholdet mellom høgde og breidde på ei strikkamaske rett! Med kvadratiske ruter er det iallfall viktig å hugse på at mønsteret kjem til å bli litt høgare og smalare.
*
*
Eg brukte pinne 6 og la opp 90 masker. Dei mørkegrøne stripene er i rillestrikk for at det skal bli like tjukt som der det er mønsterstrikk. Eg vaska underlaget saman med eit handkle på 40 grader sidan det fungerte så fint med Létt Lopi-garnet. Det vart i varmaste laget for Plötulopi, eller så var det sentrifugeringa som vart for hard. Vi måtte iallfall vere to personar til å hale og dra for å redde sitteunderlaget. Framleis vart det bittelitt mindre enn eg hadde tenkt (akkurat like stort som det som følgjer med Fjällreven Kånken-sekken, faktisk). Til gjengjeld er det ekstra tjukt, og mottakaren er smal over baken.
–Snella–
[…] strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og […]