Slekt og vener har begynt å komme med ønskelister til jul som inneheld heimestrikka plagg av ulike slag. Heldigvis så hadde eg mange av desse ønskene på planen i utgangspunktet. Det er begrensa kor mange ekstra gåver eg kan greie å lage på ein månad!
Tidlig ein morgon kom Klumpen med nok eit gåveønske. Han hadde vore på ei nettside og funne noko fint. «Eg har skrive ned alt som stod der mamma, sånn at du kan finne det igjen seinere»
He, he, tanken var god, men så gode er nok ikkje detektivegenskapane mine.
Det han imidlertid får er eit deilig pledd han kan ha rundt seg når han står opp før hanen gjel og vil sjå barne-tv. Pleddet er hekla i oldemorsstriper på tjukk heklenål.
Eg samla saman alt eg fann av blått, grått, svart og kvitt i Nepal og babyulltjukkelse. Babyull og liknande la eg dobbelt. Stripene varierer frå ei til tre av samme farge, så tilfeldig som eg greide. Nokon ga seg sjølv sidan det var både små og større restenøster. Dette blei eit kjempekjekt prosjekt. Mange av stripene fekk meg til å huske gamle prosjekt, blant anna er det ein del garn frå den blå nissefamilien, nokre av nøsta var frå garnet eg arva etter mamma og eit par nøster bytta eg til meg frå strikkeveninna.
Så får vi håpe at det fell i smak.
– Nøstet –
[…] til jul. Eg rakk desverre ikkje å lage eit til Snuppa, det står òg på prosjektlista for 2014. Teppet til Klumpen er hekla i oldemorsstriper i tjukke garntyper, type Nepal og Fritidsgarn. Teppet til Nøsteguten er […]
[…] « Fire veker igjen, og gåveønska strøymer inn […]