Plutseleg var det berre tre veker igjen til jul! Kor blei dei siste vekene av? Vel, noko av tida har eg jobba, litt har eg trent, og jammen har eg ikkje strikka litt òg.
Nøstet presenterer Julegåvestrikkestatistikk for dei tre siste vekene:
På x-aksen er det altså datoane og på y-aksen strikketimer. Måndagar kan ein sjå at er dårlege strikkedagar. Då går det i eit med jobb, middag, lekser, trener for barneidrett (frå 18.nov), køyring av Nøsteguten til handball, og så få alle i seng litt for seint. Elles må eg sei at eg har overraskande mykje strikketid. Eg har med meg strikketøyet overalt, og nytter alle ledige stunder. I tillegg var det mykje god strikketid på hyttetur i skikkeleg uveir den 23.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon, på hytta i uveir, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, og når mannen jobbar overtid og ein kan sjå Jane Austen Bookclub heilt aleine heime.
Så korleis gjekk det eigentleg med alle julegåvene du skulle strikke, Nøstet? Jaudå, månge gåver er påbegynt. To er heilt ferdig, derav oldemorsstripeteppet. Ei gåve som består av to deler er halvferdig, ein genser er ferdig strikka og skal monterast, eit par Moon Socks er ferdig strikka og må òg monterast, eit rilleteppe er 60% ferdig, eit sokkepar er 60% ferdig og eit Babybornsett er påbegynt. I tillegg skal det strikkast minst ein liten ting til. Det skal gå fint. Evig optimist når det gjeld strikkeprosjekt! Har du kontroll over julegåvene?
– Nøstet –
Legg att eit svar