Det var no alle gåvene skulle vore innpakka og klare til utlevering. Det var no alle sju sortane skulle vore klar i kakeboksane. Og det var no huset skulle vore pynta sånn at julefreden kunne snike seg innover Nøsteheimen.
Sanninga er nok eit stykke unna. Rett nok har det dukka opp nokre nissar i krokane og kakemenn er baka, men så stoppar det fort. Då er det godt at det er ei heil veke igjen. Gåvene blir nok ferdig, og litt meir pynt skal dukke opp. Angåande julekaker kan det vere at det blir med kakemenn, husmorgenet svikter meg litt på det punktet.
Ein av gåvene som blei ferdig (seint igår kveld) er Moon Socks strikka i Nepal. Eit relativt kjapt prosjekt sidan det er strikka i dobbel Nepal, men motivasjonen var ikkje på topp når prosjektet var starta så det har tatt si tid. Sokkane syast saman midt under, og eg veit ikkje om eg fekk det heilt til. Eg trur eg får reklamere med at det er sofasokker, Nepal er vel likevel ikkje så slitesterkt. Dei blei uansett veldig tøffe, og varme er dei iallefall.
Så, no er det tilbake til julegavemekking og juleavslutningar på skule og barnehage. Du rekk nok nokre få julegåver til, ifjor la vi ut masse tips i dette innlegget.
– Nøstet –
[…] bur i eit hus med kalde golv og har ønskt seg noko varmt på beina. For nokre år sidan strikka eg Moon Socks til ho og desse er no utsletne. Eg håper desse er litt meir […]