I desse dagar er den sjuarma adventsstaken å sjå i annankvart vindauge. Den kjedelege, masseproduserte staken har alltid gjort meg meir trist enn glad. Men i år arva vi nettopp ein slik. Pimpa med litt lakk vart staken riktig så lekker.
*
Dette er eit superenkelt og raskt oppussingsprosjekt. Eg berre skrudde ut lyspærene og spraya staken med sølvlakk kjøpt på Jernia. Tre strøk måtte til for at fargen skulle dekke skikkeleg. No pyntar adventsstaken opp og skapar lun stemning i stova.
Slik såg staken ut før:
–Snella–
[…] Konglene har storebror og eg henta i skogen. Dei har fått tørke ei stund, og så har nokre av dei fått ein makeover med resten av sølvsprayen etter adventsstaken. […]