Då er vi heilt på tampen av året. Det blir ikkje fleire ferdige prosjekt i år, men planane er mange for 2014.
Og 2013 må seiast å ha vore eit flott år strikkemessig! I løpet av året har eg strikka og hekla tilsammen 58 prosjekt og brukt 11672 gram garn som tilsvarer 30609 meter. Det blir jammen ein del masker!
Mykje har vore gåver, både til bursdagar og jul. Utenom det er det nok Snuppa som har stukke av med flest plagg.
Det strikkaplagget som var kjekkast å strikke og kanskje det eg generelt er mest fornøgd med er festdrakta til Snuppa.
Den blei om mulig enda finere enn eg hadde tenkt, og Snuppa strålte heile dagen. Eg har laga den sånn at eg kan strikke på den litt om den treng det for at ho kan bruke den fleire år.
På ein god og delt andreplass kjem Mariusdressane eg strikka til Fikslein og Nevøen. Eg lurer på å strikke ein til Snuppa iløpet av 2014.
Dei største prosjekta dette året er restegarnteppa eg har strikka og hekla til Nøsteguten og Klumpen. Desse fekk dei til jul. Eg rakk desverre ikkje å lage eit til Snuppa, det står òg på prosjektlista for 2014. Teppet til Klumpen er hekla i oldemorsstriper i tjukke garntyper, type Nepal og Fritidsgarn. Teppet til Nøsteguten er rillestrikka, og der har eg brukt babyullgarn av ulike typer og strikka med dobbelt garn.
Med desse teppa fekk eg brukt opp masse restegarn og rydda litt i dei einslege nøsta som var i lageret. Men eg har framleis mykje garn igjen. Igår fekk eg rydda litt mens Nøstemannen tok seg ein tur på pub med kompisen. Alt garnet blei henta fram i stova og sortert etter beste evne. Lageret har gått frå 51671 til 46784 gram iløpet av året. 4887 gram er nesten 98 nøster garn, og så masse har altså garnlageret krympa. Men som sagt har eg over 46 kg garn eg kan kose meg med framleis. Og treng eg meir er den lokale Strikkebutikken berre ein liten spasertur unna.
Eg ynskjer deg eit riktig godt nytt strikkeår!
– Nøstet –
[…] tilbake til hua. Juleraud Rubin fantes i garnlageret og ved hjelp av ei tidligare strikka hue fann eg ut av 100 masker var passeleg. Strikka vrangbord […]
Oppdaget akkurat bloggen din via monstermønster. Festdrakten su har strikket er utrolig fin!!! Godt nyttår og godt strikkeår!
Så kjekt med nye lesarar! Eit riktig godt strikkeår til deg òg! Eg har ikkje vore innom bloggen din før, men den står no på lista over kva eg skal sjekke ut i morgon når eg tar helg :).
Helsing Nøstet!
Ett riktig så godt nyttår.
Ei flott oppsummering av året som nå er over, og ser ut som du har god kontroll på garnkassene dine.
Kos deg videre med alle dine strikke/hekleprosjekter i 2014 – du skal se det forsvinner en del garn i år også.
Godt nytt år til deg òg! Eg er allereie igang med å strikke frå lagerkassane. Små babyplagg er ypperlege to-nøster-prosjekt 🙂
Helsing Nøstet!
Mye flotte strikkerier her og mye flott garn. Ønsker deg et godt nytt år 🙂
Godt nytt år! Skal vise den fine lilla Mariusen din til Snuppa og spørre om det er sånne farger ho vil ha på dressen sin 🙂
Helsing Nøstet!
så kjekt å få ryddet lageret og gjort klart for et nytt strikkeår! Takk for følget i 2013, jeg gleder meg til å følge videre i 2014!
Ja, her starter vi året med relativt god orden og spissa pinner :). Takk sjølv for masse flott inspirasjon! 2014 blir nok eit kjempeflott strikkeår!
Helsing Nøstet!
Her var det mye fint, både ferdig og enda som et nøste i dine kasser. Du å du så mye herlig garn.
Skjønner veldig godt at du er meget fornøyd med festdrakta. Den er jo bare helt fantastisk. For en jobb, og den kan du være stolt av.
Ønsker deg et riktig godt nyttår 2014, må det bli masse fine prosjekter og annet fint som skjer på din vei i nye året.
Tusen takk for hyggelige ord! Eg storkoser meg med både garnlager og prosjekter :).
Riktig godt nytt år!
Helsing Nøstet.
Koselig oppsummering av strikkeåret! Liker den grønne Mariusdressen kjempegodt, skjønner at du ønsker å strikke flere slike. Blir det en i lilla eller rosatoner kanskje? Ha et fint 2014!
Ja, spennande med alternative fargar på Marius! Det spørs om det ikkje blir lilla Marius på Snuppa. Sterkgarnet har veldig masse flotte fargar :).
Riktig godt nytt år!