Dette er jakka si! Med yndlingskombinasjonen alpakka og kidsilk (mohair og silke) og eit mønster som var skikkeleg artig å strikke, veit eg ikkje om gleda ved denne gåva var størst for meg eller mottakaren, mi kjære mamma.
*
*
Strikkejakka heiter Daybreak, og det passar fint til mamma, som står opp i otta for hive seg på pendelvegen til jobb. Denne jakka held ho varm i bilen og på kontoret. Her er det brukt ein tråd Drops Alpaca nr. 7238 mørk oliven og ein tråd KidSilk nr. 19 mørk grønn. Når ein held nøsta saman, ser det ut som fullstendig fargekræsj, men med ein tråd av kvar blir det eit kjempefint fargespel (som dessverre ikkje viser så godt når ein må skunde seg å knipse i dei to minutta vi har med dagslys for tida). Andre fine fargekombinasjonar kan du sjå på vestane med havskummønster. Jakka er strikka i sirkel i eitt stykke frå midten av stjerna på ryggen, og armane er sydd på til slutt.
Litt fleire bilete:
Legg att eit svar