Å vere mamma har sine oppturar og nedturar, gitt. Mest opp, og litt ned. Toåringen er i skrivande stund på sitt første karneval i barnehagen. Temaet er Eventyrland. Perfekt! Den lyslugga pjokken er jo berre ei kofte og ei skreppe unna Askeladden. Tenkte eg.
Så var det berre det at denne mammaen hadde oversett eit lite ord. Det skulle visst vere eit dyr. Såg eg då klokka tikka mot leggetid i går. Lettare panisk gjekk hjernen gjennom alle eventyra. Auga fall på skinnfellen der babyen låg og kosa seg. Den minste bukken Bruse! Det må eg klare. Tenke tenke. Den tynne kvite ullhua. Ein stoffrest der. Nål og tråd og ein rest av brunt nepalgarn. Litt fyll. Snurre, rulle, trykke, sy. Horn på plass. Litt skeivt, men det står ikkje på godvilje her. Garn under haka blir bukkeskjegg. Den kvite ullnattdrakta underst, saueskinnfell (sorry, baby) rundt magen og rare horn på toppen. Ferdig!
*
*
Det er dagar der eg lurer på om heile dette mammaprosjektet blir ein fiasko, men i dag då eg leverte ein motvillig bukk Bruse i barnehagen, nådde vi ein milestein. Han såg alle dei andre dyra, drog seg litt i det eine hornet og begynte å breke høgt og støyande.
Dette går så fint atte.
–Snella–
Legg att eit svar