Sjalet Leftie seglar opp som ein stor favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny dame inn i familien, var det ein fin anledning til å få strikke eit til. Denne gongen valde eg å strikke i haustfargar som ville passe denne flotte dama heilt perfekt. Leftie er perfekt som prosjekt for å få brukt opp restane sine, det ligg jo òg i namnet. Eg blei ikkje nøgd med dei fargane eg fann i alpakkalageret mitt, så det blei nytt garn på meg denne gangen. Drops Alpaca har masse flotte fargar og det var ikkje vanskeleg å finne dei eg ville ha.
Sjalet er kjapt og kjekt å strikke. Berre eit blad til, berre eit til, og sånn fortset ein. Innimellom blada er det greit med litt rillestrikk som passar godt om ein samtidig ser ein god film. Gleder meg allereie til neste gong eg skal strikke Leftie. Kanskje eg må ha eit sjølv …
– Nøstet –
[…] guteversjon som eg kunne sende til Snella sin Skjønnas. Eg hadde igjen beige og gul alpakka frå Leftie som eg strikka før jul, og fann to blåfargar som eg truleg har hatt ein anna plan for ein gong. […]
Dette har jeg planer om å strikke. Så fint det blir!
Takk! Og det er veldig kjekt å strikke. Veldig fint prosjekt til smårester òg om ein har nokon. Lykke til!
Helsing Nøstet!