Ein oppglødd to-åring kom springande mot meg i barnehagen. Halen slepa i bakken bak han. Vent litt. Halen? Den var då vitterleg ikkje der då pjokken vart levert. Brått svinga han halen opp i fjeset mitt med eit stolt smil, og eg kjente ein kvist finne vegen opp det eine naseboret. Aha. Eit fastelavnsris! Eller det som var att av det. — Så fint det er, sa eg.
*
*
Eg er sikker på at eg høyrde riset sukke letta då det fekk pensjonere seg i ein vase. Det såg litt pjuskete ut, men i selskap med friske roser, kneisar det stolt.
No er fastelavnsbollane fortært. I år flomma det flytande sjokolade og marsipan då gjestene delte bollane. Vi toppa dei med krem og lune skogsbær, og krydra med gode historier.
Kveldsroa har senka seg, gutane er i seng og strikkekvelden kan starte. Ein flunkande ny Poirot freistar i boksen sin, tekoppen er fylt, og Umaro er på pinnane.
*
God fastelavnskveld, alle saman!
–Snella–
[…] vis. Ho har notert mykje av det same som eg (og jammen er eg ikkje blitt linselus der eg sit med mitt evige Umaro-prosjekt), så då kan eg jo supplere med eigne […]
Så fint skildret! Jeg hadde også en veldig koselig fastelavnssøndag. Håper uka også har vært god så langt!