Då eg endeleg var ferdig med alle julegåvene litt forseinka langt ute i januar, hadde eg ei lang liste med prosjekt eg ville starte på. Eit av prosjekta var vest til Fikslein, sidan rykta sa at forrige vest var blitt alt for liten. Eg trengte eit kjapt prosjekt, så eg fann fram Lene Holme Samsøe sitt hefte Børnestrik på pinde 3 1/2 – 4. Der fann eg Siggis Slipover og i garnlageret fann eg blå Falk, kjøpt på salg hos Tjorven for mange år sidan, og naturfarga Smart Tweed, eit garn eg no trur har gått ut og som eg har arva etter mamma.
Eit dekorativt mønster gjorde vesten litt meir interessant, og med pinne 3,5 gjekk det fort unna. Vesten blei putta ilag med Eldar Elefant og sendt i posten til Snellafamilien. Halsen på vesten viste seg å vere litt trang til Fikslein, men ei snarrådig Snella tok opp eit par omgongar og felte av litt lausare.
– Nøstet –
[…] til 4, designa av Lene Holme Samsøe, og strikka i Sterk.Frå det heftet har eg tidligare strikka Siggis Slipover og […]
Enda en kjempefin vest! Denne oppskriftsboken har jeg også. Mange flotte basisoppskrifter som kan endres alt etter hva som inspirere en.
Eg er veldig glad i å strikke vestar. Det meste av arbeidet er på rundpinne og ein slepp all montering av ermer. Når eg strikkar gensere er eg som regel begynt å miste interessa når eg skal til på ermer, som eg alltid strikker sist….
Helsing Nøstet.