Det var farmor som lærte meg å hekle. Mange fine helgetimar sat vi saman i sofaen på det koselege kjøkenet hennar med kvart vårt hekletøy og prata om livet. Ho fortalte historier frå svunne tider, historier som har vore med å forme meg. Ein gong ga ho meg ei filethekla brikke eg skulle ha til minne. Brikka var med meg som nattbordbrikke i mange år. Uansett kvar i verda eg budde, vart det heime når brikka var på plass.
*
*
No når eg er blitt etablert og forsøksvis ansvarleg mamma i hus med karnapp, er brikka blitt sofapute. Eg har sydd eit putetrekk av to stoffbitar, beige på baksida og raudt på framsida slik at mønsteret kjem fram. Brikka er nesta på på framsida for hand og kan lett takast av og vaskast om ein til dømes søler kaffi på puta i ammetåka (sånn reint hypotetisk, så klart).
*
*
No har eg ei gammaldags og romantisk pute som minner meg ikkje berre om gode stunder saman med farmor, men også om kven eg er og vil vere.
–Snella–
Legg att eit svar