Babyteppe i alle former og variantar. Teppe med mange gode minne og teppe som har mesteparten av historia si framfor seg. Vi har teppe i bilen, i senga, på sofaen, i veska, i vogna og overalt, og eit deilig teppe er den soleklare gåva til nye verdsborgarar.
*
Her er nokre av dei flotte teppa våre! Frå botn har vi
2. det ekstra store nøstebarnteppet
3. ugleteppet
4. grønt, tjukt og deilig teppe som vi fekk i gåve, hekla etter samme mønster som det ekstra fine hekla helseteppet
5. oransj og kvitt vognteppe som mormor hekla til meg. Eg har lurt på om eg skal prøve å lage eit makent. Det er sett saman av små kvadrat.
6. det hekla helseteppet i bomull
7. strikka teppe i merino extra fine. Dette teppet går ganske raskt å strikke, er tjukt og mjukt og ser imponerande ut for dei som ikkje kan strikke. Ein gåvefavoritt, med andre ord.
8. det fine gamle hekla vognteppet med roser
*
*
Treng du meir teppeinspirasjon, kan du kikke på havskumteppet til kusina, teppet med havmønster og strikka blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i oldemorsruter), babyteppet i bomull, og bamseteppa med korsting. Og fleire teppe blir det garantert!
–Snella–
[…] Modellen ligg på det fine leiketeppet. Er du på jakt etter meir babyteppeinspirasjon, finn du det her. […]