På vestlandet har vi hatt nydeleg veir dei siste vekene, strålande sol frå skyfri himmel og gradestokken har vist over 10 grader. Helgene blir tilbragt på hytta, gjerne ute i ein stol med eit deilig hekla eller strikka pledd over beina og strikketøyet i hendene. Solstrålane gjer at eg lengtar endå meir til sommaren, til eg kan traske rundt uten noko på føttene. Og når temperaturen går ned på kvelden kan ein jo ta på seg nokre lekre ankelsokkar for å fortsatt kunne vere ute til sola synk i havet.
Søte frøken sommer er strikka i Fabel og mønsteret finn du i Bitta Mikkelborg si bok «Sokker – strikking hele året». Boka inneheld mange fine sokkar, så eg håpar eg skal prøve mange av dei etterkvart.
– Nøstet –
[…] einsfarga Fabel, pinne 2,5 og sokkeboka til Bitta Mikkelborg på hytta. Tidlegare har eg strikka Søte frøken sommer, no bestemte eg meg for å prøve Bure. I boka var dei strikka i tjukkare garn, men eg la opp det […]