I haust blei strikkeveninna 40 år. I den anledning fann eg ut at eg skulle sy ho ei flott veske. Eg og Snella spleisa på gåva som var veska fylt med masse saker for egenpleie og velbehag.
Snella strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar reisestrikkekorg.
Mønsteret på veska kjøpte eg av Noodlehead, og den heiter Super Tote. Det var viktig at veska var stor nok til å romme A4 sånn at den kan brukast til det meste. Eg har ikkje så mykje erfaring med å sy vesker, dei få eg har sydd har vore svært enkle og eg har gjerne gått på kurs då eg sydde dei. På eit par punkt i mønsteret var eg litt usikker på kva eg skulle gjere, men eg trur eg fann ut av det. Eg blei iallefall fornøgd med veska til slutt.
Om eg ein gong skulle få litt ekstra god tid har eg lyst til å sy fleire, for denne veska blei kjempefin. Ganske mykje arbeid og litt frustrasjon innimellom, men vel verdt det når den var ferdig.
Eg har sydd veska i svart kordfløyel kjøpt på Stoff og Stil. Panelet på framsida er eit stoff kjøpt på Åhlens for nokre år sidan og stoffet til fôr er så gammalt at eg ikkje husker kor eg kjøpte det. Det er eit heilt vanleg tynt bomullsstoff som ein får på dei fleste butikkar som har stoff i metervare. For å få veska litt stabil har alle delane påstrøke vliselin på baksida.
– Nøstet –
[…] ifjor og då fekk ho Primulapledd. Dei andre veninnene som har passert 40 har fått Umaropledd og sydd veske. – Nøstet […]
Stilig veske, og sitteunderlag. Veldig flott bursdagsgave. Jeg liker så godt slike gaver som dere ga bort med litt forskjellige ting som en har bruk for eller kan bruke opp.
Tusen takk!! «Husfyll» kan det lett bli mykje av opp igjennom åra, så gåver som kan etast, drikkast eller på anna måte brukast opp (vi burde vel egentlig putta oppi litt garn òg), synes eg er dei kjekkaste gåvene! Og det er jo gjerne mange produkt ein ikkje unner seg i ein travel kvardag som er ekstra kjekke å få!
Helsing Nøstet