Endeleg ferdig! Umaro-teppet til ein etterlengta liten gut i Tyskland tok all æve å få ferdig, men eg trur det må vere det flottaste babyteppet eg nokon sinne har laga. Eit skikkeleg arvepledd!
*
*
*
Umaromønsteret er vidunderleg vakkert! Det er artig å strikke, men krev full konsentrasjon.
*
*
Det blir nok meir Umaro, men neppe teppe på pinne tre. Heldigvis vart mottakaren veldig glad for gåva, og vesleguten søv godt med teppet rundt seg. Teppet kan også brukast til å leike tittebø med, her demonstrert av min eigen modell:
*
Modellen ligg på det fine leiketeppet. Er du på jakt etter meir babyteppeinspirasjon, finn du det her.
–Snella–
[…] før har denne guten fått umaroteppe og den søte heklaelgen Helge. Mammaen har fått eit vakkert sjal i duse […]
Dette teppet er så fint, så håper mottaker vet hvor heldig hun er! Har selv strikket en babyversjon i Nepal. Men kunne tenkt meg å strikke det i babyull så topp at du sier hvor mye rader du har lagt til osv. Dette må jeg huske 🙂
Tusen takk! Det er mykje jobb, men så blir det eit arvestykke. 🙂 -Snella-
[…] strikkast for ofte? Eg snakkar om Umaro, det flotte pleddet designa av Jared Flood. Snella har laga ei nydeleg og delikat utgåve i babyull til ein ny verdsborgar og eg har strikka ein grovare versjon i Nepal til ei veninne som […]
Kjempeflott teppe, så heldige den er som får dette! Ha en herlig dag!
Tusen takk! Det er herleg når ein omsider er ferdig med eit krevjande prosjekt, men det kjennest litt tomt òg. Sidan det er eit artig mønster å strikke, blir det nok meir Umaro frå denne kanten. 🙂
Snella