Ah, hytta! Ingenting er som hytta. Vi er heldige har fleire hytter vi kan bruke, og no skal den koselege gule i Stavern opnast for sesongen. Dette er ei klassisk norsk hytte med blått kjøken, smårutete dukar og blomstrete gardin. Gjett om eg blei glad då svigermor lurte på om eg kunne hekle nokre blonder til kjøkenet. Det er jo kjempegøy å hekle blonder, men det passar ikkje heime hos oss. På hytta derimot glir hekla blonder rett inn i kosen!
*
Oppdrag 1: Pyntehandkle
*
Blonda er hekla i mercerisert Solberg-garn og etter eit enkelt filetheklingsmønster. Eg vurderte å trekke eit silkeband gjennom holkanten, men det ville nok blitt i overkant søtt.
Blonda er sydd på eit kvadratisk stoffstykke som er falda på alle sidene. Pyntehandkleet skjuler no kjøkkenhandkle og gryteklutar. På hylla står dei flotte gamle boksane til kaffi, «potetesmel», «the», sukker, kakao og kveitemjøl.
*
*
Oppdrag 2: Gardinband
*
Gardinbanda er også hekla i mercerisert solberggarn, har ei slags blomsterrad i midten og rikeleg med picotar.
*
–Snella–
Legg att eit svar