Heldige eg har ein hage som bognar av angande blomar. Denne vakre pinsehelga har eg kunna plukke inn berusande bukettar med kaprifol, klematis, vill iris, dagliljer, spirea og blåbærlyng.
*
Til pinsebrunsjen hos ei veninne tok eg med nokre av dei flottaste klematisblomstene, pakka inn med silkepapir og hyssing.
*
På kortet skreiv eg eit av yndlingsdikta mine, eit hagedikt som passar godt saman med blomar frå hagen.
Brui
Det gjer godt
å møta menneske
som let opp dører
inn til ukjende rom
med utsyn til hagar
der smilande blomar
opnar sovande sansar
Johan Fjellby
Det har vore ei perfekt pinsehelg. Måtte resten av sommaren bli like skjønn!
–Snella–
Legg att eit svar