Dei er hektiske, alle desse dagane som kjem og går. Var det ikkje i går at vesle Skjønnas kom til verda? Lite søvn, mas, rot og konstant dårleg samvit gjer det av og til vanskeleg å hugse at det er dette som er sjølve livet. Derfor treng eg å bli minna om det og at dette er dei gode gamle dagar. Det er jo akkurat denne tida eg kjem til å mimre om. Og med det perspektivet går alt så mykje betre.
*
*
Eg er så lei av at nesten alle skilta i butikkane er på engelsk. Det burde vere unødvendig, synest eg, så eg laga mitt eige skilt av seks minilerret frå TGR. Dei vart grunna med samme måling som veggen, fekk kvit tekst og vart hengde opp med frøkentyggis (tack-it).
*
*
Det er mykje å gjere med det vesle huset vårt, og vi tar det litt etter litt. Sidan vi berre har to soverom, har vi innlemma det gamle vaskerommet i soverommet og fått ein babykrok. I ein vill augneblink bestemte eg at vi skulle ha kvitt vegg-til-teppe på golvet. Ikkje spesielt lurt med to små ungar, men det kjennest herleg dekadent. Den gresselege glasfiberstria lot vi bli, for planen er å ta dette rommet skikkeleg seinare, men stria har fått fargen «gustaviansk blå», og vindauga fekk tjukke kvite lingardin. Leandervogga og ein god ammestol med tjukke puter har vore gode å ha i våkenettene.
–Snella–
[…] Litt krampe i armen til slutt, men verd det. Storleiken vart testa i vogga til veslebror. […]