Då var kvardagen igong igjen. Ungane er på skulen og i barnehage, og vi vaksne på jobb. Ettermiddagar og kveldar går med til leksehjelp, oppstart på aktiviteter og diverse ryddeprosjekt. Innimellom blir det nokon omganger på eit av dei mange prosjekta som har blitt starta opp iløpet av sommaren.
Og i sommar blei det strikka på litt forskjellig. Favorittstrikketøyet blei oppvaskkluter, og favorittstrikkeplassen blei i vasskanten nedanfor hytta.
Ungane herja på med båtar, bading og krabbefangst, mens eg kosa meg med strikketøy og strikkepodcast. Eg henger litt etter på kva som fins der ute i den store strikkeverda, så strikkepodcast var nytt for meg. Foreløbig har eg fått med meg Pinneguri sin og eg har høyrt mange episodar av den svenske Stickpodden. Og det er mange på lista som skal høyrast på utover hausten. Kjempegøy!
Oppvaskklutane er strikka i Mandarin Petit og Safran. Legg opp oddetal antall masker (trur eg har litt over 60), strikk ein pinne rettmasker og neste pinne ei rett og ei vrang maske ut pinnen, avslutt med ei rett maske. Fortsett med desse to pinnane til kluten er passe lang, fell av og hekle krepsemasker rundt kluten for ein fin avslutning. Perfekt strandstrikk sidan det ikkje gjer noko at strikketøyet ramlar i vatnet når ein plutseleg reiser seg for å telle unger…
Så må eg berre legge ved eit par skrytebilete av dei fine Middagsblomane eg har på hytta. Etter at eg sådde frøa for evigheter sidan hadde eg avskreve heile prosjektet sidan det såg ut til berre å bli masse grøne blad. Men så plutseleg eksploderte det med blomar!
No skal eg planlegge haustprosjekta!
– Nøstet –
Legg att eit svar