Ny adventskrans! Ferdig til første søndag i advent? Nei, det hadde vore for mykje forlangt i vår hektiske kaosheim. Men til i dag, andre søndag i advent, er han klar, og vi tenner to lys i dag!
Kransen er strikka på pinne 9 i garnet Loopy creative frå Rico design. Eg la opp 60 masker og strikka glattstrikk rundt og rundt til hadde brukt to nøste. Det vart akkurat passe til å tre over ein stråkrans med diameter på 36 cm. Eg synest det ga ein fin struktur å ha vrangsida ut.
I år, med to småttisar som likar å plukke, gjer vi det på enklaste vis med fire telys. I åra framover kjem eg sikkert til å pynte kransen litt meir, og eg har kjøpt trygge lyshaldarar for andre typar lys. Kanskje blir kransen brukt som adventskalender eit år, der vi pyntar med ein ny ting kvar dag. I dag er kransen eit enkelt og lunt innslag i adventsheimen vår.
–Snella–
Legg att eit svar