40-årsdagane kjem som perler på ei snor for tida, og damene får sjal. Eg elskar nemleg å strikke sjal! Å finne nye mønster, designe eigne mønster, variere gamle mønster og kanskje få brukt litt restegarn. Første 40-årssjal ut er ein sirkusaktig versjon av Dream Stripes til eit festfyrverkeri av ei dame – enkelt å strikke, passe stort og perfekt til dagleg bruk.
Strikkefakta
Mønster: Dream Stripes via Ravlery (gratis)
Garn: Drops Alpaca (fire påbegynte nøste i petrol, lys lime, kvitt, naturkvitt og bringebær)
Pinnar: 3
Sidan eg brukte restegarn, hadde eg akkurat litt for lite til å fullføre dei siste to omgangane på blonda. Eg syntest det fungerte likevel, så det fekk vere.
Garnet i petrol var til overs frå overgangssettet, og det i lys lime frå eitt av Leftie-prosjekta.
–Snella–
[…] uglepakken med festhatt ligg sirkussjalet. Festleg utanpå, festleg […]