På hausten ifjor kjøpte eg Klompelompeboka. Eg hadde følgt dei på Instagram ei stund og hadde gleda meg til å få tak i boka. Ei tjukk, fin bok med masse flotte bilete av nydelege plagg.
Det første prosjektet frå boka blei panneband. I garnlageret fann eg masse rester av Merino Extra Fine frå Drops, og det garnet passer perfekt til hodeplagg sidan det har lav kløfaktor. Sidan eg strikker litt stramt måtte eg justere litt på maskeantalet på nokre av dei sånn at dei skulle passe dei eldste mottakarane.
Dei prikkete er Henrypanneband og dei med blome på er Henriettepanneband. På Henrypannebanda har eg strikka ei rad med prikker mindre enn i oppskrifta fordi eg ikkje liker at panneband nesten går saman på toppen av hovudet som ei hue. På Henriettepannebanda prøvde eg meg fram for å få ein finare overgong frå mønsterstrikk til ribbestrikk. Eg trur eg endte opp med å strikke ein ekstra omgong med mønsterfarge. Mulig det har med at eg strikker litt stramt, men når eg følgde oppskrifta «slukte» pannebanda eine omgongen slik at den ikkje viste.
Dei fleste pannebanda blei gitt vekk i julegåver, men eit par har eg lagt i gåvekassa i tilfelle det kjem ein plutseleg bursdagsinvitasjon.
– Nøstet-
[…] Som nemt i forrige innlegg, så var planen å få strikka opp litt huer til gåvekassa for jentebursdagar ut over hausten. Kassa med tynn alpakka frå ulike garnprodusenter blei tømt i ein pose og tatt med på hytteferie. Det samme blei eit par hefter med huemønster og Klompelompeboka. Snuppa ville at eg skulle strikke Baggylue frå Klompelompeboka. Den er strikka i Merino Extra Fine i boka, men alt eg hadde av det garnet strikka eg opp i vinter då eg fekk dilla på panneband. […]