Det finst uendeleg mange skjønne hekla brosjer rundt om, og hos Anabelia blir eg alltid spesielt inspirert. Når no ein blomst av ein kollega fyller 40, passa det fint å prøve denne nydelege blomsten. Det blir ikkje siste gongen.
Heklefakta
Mønster: Crochet flower brooch av Anabelia (gratis)
Garn: restar av Drops alpakka 7238 mørk oliven, 3770 mørk rosa og 100 natur
Anna: knapp, brosjenål, nål og tråd
Heklenål: 3
Eg pressa blomsten i form og stiva han litt med sukkerlake så han toler litt bruk.
Fargevalet er inspirert av årets Marimekko-fargar, Unikko spring 2016, som eg har falle heilt og fullstendig og pladask for:
–Snella–
[…] Den fine heklanåla frå Anabelia gjorde suksess, så damene i barnehagen måtte få like. Eldstemann fekk plukke ut fargane. […]