Kom mai, du skjønne milde og gjer skog og plen og alt rundt oss atter grønt. Gjerne irrgrønt, som denne gammaldagse retrochice blondeskåla. Skåla kan vere pynt, fruktskål eller også ledd i aktiv barndomsminnebygging. Kven har vel ikkje sniksutta på mormors sukkerstiva skåler i fjern fortid?
Heklefakta
Mønster: Kva som helst oppskrift på heklabrikke – denne fann eg via Pinterest
Garn: Bomull Sport nr. 317 frå Gjesdal
Heklenål: 3,5
Stiving: bortimot metta sukkerlake (sjå under) og ei skål som gir brikka form
Mange brukar tapetlim når dei skal stive, men eg ville gjere det på den tradisjonelle måten med sukker. Då kan skåla bli brikke att etter ein vask.
Det vart mykje prøving og feiling, men eg fann ut av det til slutt. Eg laga ein lake med ein del sukker til to delar vatn, dyppa brikka oppi og lèt ho tørke over ein bakebolle som var passe stor. Det var definitivt ikkje nok sukker for dette tjukke garnet, og skåla vart berre halvstiv. Då rørte eg inn sukker nok til at løysinga vart metta. Skåla vart stiv, men skjoldete av sukkeret. Dermed dyppa eg skåla kort i varmt vatn. Då vart ho slapp igjen, og eg dyppa ho på nytt i laken, som no var vatna litt ut. Det var framleis for mykje sukker, så eg måtte gjenta prosedyren. Om att og om att.
Eg vart veldig nøgd med resultatet til slutt og trur eg må lage fleire sånne i ulike fargar. Skåla vart ei fin gåve saman med unikkokrus og -serviettar i gult og grønt frå Marimekko.
Og ein ny generasjon suttarar kan etterlate seg mystisk skakke skåler i stova.
-Snella-
Legg att eit svar