Vi nærmer oss 17.mai og er midt i konfirmasjonstida. Har du ikkje klart antrekket til dei søte små allereie, må du sette turbofart på pinnane. Mi 7-år gamle prinsesse har dessverre vakse ut av den nydelege festdrakta eg strikka for nokre år sidan. No har ho «kjøpebunad», men har denne flotte tunikaen ho kan bytte til når det er nok med ein tung, fotsid kjole.
Veslemortunikaen er frå den første Klompelompeboka. Mønsteret på midten ser komplisert ut, men etter ei kort stund er det logisk og du husker det utenat. Bandet i livet er valfritt, men eg såg det som ein fin mulighet til å få testa ut strikkemølla mi. Aldri har det gått så fort å strikke snor.
Strikkefakta:
Mønster: Veslemortunika frå Klompelompeboka, str 8 år
Garn: Pickles Baby Merino (utgått) i raud med oransje i.
Pinne: 3
– Nøstet –
Hei! Har dere et tips til en som nettopp har begynt på oppskriften til Veslemor-tunika? Sliter med mønsterrapporten. Det står så lite om hvor på rapporten en begynner, maskeantallet stemmer ikke med rapporten (går ikke opp). Ikke logisk for meg, enda;)
Hei! Vi skal kikke i notata når vi kjem heim frå påsketur i morgon, så skal du få eit svar.
Tusen takk;) God tur heim!
Hei. Då har eg fått sett på oppskrifta og notatene. Mønsterrapporten går over 8 masker og gjentas 4 gonger slik at det blir 32 masker som det står i mønsteret. Du begynner på rapporten nede i høgre hjørne. Ver obs på at \ tegnet i ei enkel rute betyr vridd rett, dette er mellom kasta. Om du har første utgåve av boka mangler det forklaring på dette tegnet og det er lett å blande med tegnet for felling som går over to ruter. Håper dette kan hjelpe deg på rett veg. Lykke til!
Tusen takk for svar på utfordring med mønsteret😊. No skal eg gi det eit nytt forsøk, så er det noko med at ein av og til må ned i læringsgropa. Trur eg har «blingsa» litt med felling og vridd maske. Takk igjen!