Plutseleg kom sommaren til Vestlandet! Strålande sol og temperatur langt opp på 20-talet gjer at ullprosjekta blir lagt på vent nokre dagar til fordel for små prosjekt i bomull. Oppvaskkluter har alle bruk for, og nokre heimelaga i spreke fargar er flotte som smågåver til alle med kjøkken. I tillegg er eit slikt strikketøy perfekt å ha med på stranda. Kan lett strikkast på mens auga følger dei små i vasskanten og det er inga krise om nøstet skulle rulle ned i sanden eller om ein strikker med litt klissete solkrem på hendene.
Strikkefakta:
Oppskrift: Husmor Marias kopptue
Garn: Diverse bomullsgarn som Mandarin Petit og Safran
Pinne: 3,0
For å få brukt opp dei mindre restane har eg prøvd ein anna variant. Her strikka eg ei dominorute i rillestrikk. Klutene brukte eg som ein teststrikk for eit større prosjekt. Målet var å få ei fin stripe langs midten. Første forsøk var den i blåfargar, mens forsøk når to i rosa og lilla fekk den stripa eg var ute etter.
Strikkefakta:
Oppskrift: Dominorute. Legg opp oddetal masker. På pinnen frå rettsida har eg på dei tre midterste maskene tatt to masker av som strikka rett, strikka ei rett og løfta dei to maskene over. På den blå har eg strikka rett tilbake, mens på den rosa/lilla har eg strikka den midterste maska vrang.
Garn: Rester av Mandarin Petit og Safran
Pinne: 3,0
Då får vi sjå kor lenge varmen held seg i denne omgong. Det er framleis litt bomullsgarn igjen på lageret!
–Nøstet-
[…] passa perfekt til interiøret! Det var ikkje knytta ei oppskrift til bilete, så eg strikka oppvaskkluter som prøvelapper for å finne ut korleis eg skulle få til den fine stripa med […]