– I morgon kjem familien Emriksen innom. Vi har vel ei kake i frysen? Sonen toler forresten ikkje egg.
Eg tenkte febrilsk. Det er sikkert ikkje så kjekt å vere fem år og ha eggallergi. Kva kan vi lage som er litt spennande? Appelsinbåtgele!
Eg hadde sett bilete på Pinterest, og det fungerte faktisk også i praksis. Det var berre å dele appelsiner i to og ta ut fruktkjøtet. Eg brukte ein pakke appelsingele og litt mindre vatn enn det som stod. Då det hadde koldna litt, fylte eg i appelsinskala og lot det stivne i kjøleskap. Med ein skarp kniv dyppa i kokande vatn, skar eg så appelsinbåtar.
Dette blei superpopulært! Alle ville ha, så neste gong må eg visst lage eit større «fruktfat».
–Snella-
[…] Appelsinbåtar av gelé har eg laga før, og det er alltid ein supersuksess. Denne gongen brukte eg fire appelsiner, ein pakke appelsingelé og ein pakke sitrongelé. Eg hadde i all safta frå appelsinene, og det gjorde geleen veldig frisk. Alt forsvann på eit blunk. Det gjorde også bjørnebæsjen: […]