Desse blondehekla vimpelrekkene har våre årets desiderte vinnar blant bursdagsbarn og (mødre til) dåpsbarn og andre som har fått. Perfekt lite prosjekt som passar i veska. Restegarn får du også brukt, om du vil.
Heklefakta
Mønster: Cherry Heart summer lace bunting Frå denne sida er det også lenke til svensk omsetjing.
Garn: Drops Muskat i ulike fargar
Heklenål: 4
Eg har laga ulike lengder avhengig av høve og tenkt bruk – 12, 8 eller 6 vimplar i rekke. Vimplane er hekla saman slik: 20 lm, fm i vimpelen og åtte lm mellom kvar vimpel. Eg har forsterka rekka med ei rad fm tilbake.
Vimpelrekka er så pressa og forma med strykejern og god, gammaldags Stiff strykespray.
Eg fråtsa på bomullsgarnsalet hos Drops i fjor, og hekla opp bunkar med vimplar. Dermed gjekk det superkjapt å sette saman ei gåve når ein pjokk skulle i bursdag til ei lita veninne, når barselgruppedamene hadde dåp osv.
–Snella–
[…] Vimplar har vore i populære lenge, og det var gøy å variere litt. Frå før har eg hekla eit utal vimpelrekker i meir romantisk stil. […]
[…] Mønster: May Roses frå Attic 24 (Thanks for sharing!) Garn: Restar av Drops Muscat etter vimpelprosjekta. Heklenål: […]
[…] dyrt det kan bli med sal, altså. I shoppetåka må eg ha rive til meg mange nøste bomullsgarn. Vimplane har jo vore så populære, tenkte eg kanskje. Det var berre å sette i gang med kluteproduksjon for […]
[…] ei høg bjørk, som fekk henge frå midtstanga i taket. Bjørka vart pynta med vimplar, mellom anna dei fine, hekla vimpelrekkene, papirgirlanderkuler (eller kva det heiter), og diverse andre […]