Nyleg blei barndomsveninna 40 år. Ho har ei flott funkisleilighet der interiøret går i kvitt og grått, med innslag av gult. Snella fann eit bilete på Pinterest av eit flott pledd strikka i Chevronmønster. Både fargane og mønsteret passa perfekt til interiøret! Det var ikkje knytta ei oppskrift til bilete, så eg strikka oppvaskkluter som prøvelapper for å finne ut korleis eg skulle få til den fine stripa med «kjedemasker» i knekkane på mønsteret.
Strikkefakta:Mønster: Satt saman frå litt forskjellig. Bruk f.eks dette som utgongspkt, men juster antall masker til den størrelsen du vil ha og strikk rettmasker på vrangsida. For å få kjedemaskene i knekkane strikker ein vrangmaske i knekken på vrangsida. Eg la opp 213 masker.
Størrelse: 85 * 170 cm
Garn: Dobbel Drops Alpaca, gul 2923, lys grå 0517, naturkvit/gråmix 9020, lime/lys grøn 7300 og koksgrå 0506. Total garnmengde, 1060 gram.
Pinne: 5,5 mm
Det blei ei flott feiring av veninna med god mat og litt bobler. No er det nokre måneder til neste veninne er 40, men eg må skynde meg å finne på noko fint å lage til ho òg. Ho gifta seg ifjor og då fekk ho Primulapledd. Dei andre veninnene som har passert 40 har fått Umaropledd og sydd veske.– Nøstet –
Legg att eit svar