Kva gir ein i gåve til dei flotte damene som har verdas viktigaste jobb, nemleg å passe på mine kjæraste skattar når eg ikkje kan gjere det sjølv? Hekla blomar til fryd og pynt!
To av gulla mine skal skifte avdeling i barnehagen, og hjartet mitt skjelv aldri så lite. Gutane har hatt det så fint!
Den fine heklanåla frå Anabelia gjorde suksess, så damene i barnehagen måtte få like. Eldstemann fekk plukke ut fargane.
Heklefakta
Mønster: Crochet flower brooch av Anabelia (gratis) Det ligg lenke til mønsteret frå det førre innlegget, sjå over.
Garn: restar av Drops alpakka og Tynn alpakka frå Du store alpakka.
Anna: knappar, perler og charms frå stæsjkassane, brosjenål, nål og tråd
Heklenål: 3
Den blå til den kule – med restar etter vårsettet til overgangskåpa
Den rosa til den artige
Den grøne til den elegante – med restar frå eitt av Leftie-prosjekta
Den grå til den unge
Takk for alt de har vore for oss dei siste åra!
–Snella–
Legg att eit svar