Huer er enkle og kjappe prosjekt. Snuppa er veldig glad i heimelaga huer og vil helst ha noko som ingen andre har. Bortsett frå bestevenninna, ho må eg gjerne lage samme til. Denne hua hekla eg i vinter og den har blitt svært mykje brukt.
Heklefakta:
Garn: Arwetta Classic, hekla med dobbelt garn.
Oppskrift: frå Bauta Witch, la opp litt færre masker og hekla den litt kortere sidan mottaker var 6 år.
Krok: 4.0
Denne hua blir det nok hekla ein versjon til av no i sommar. I tillegg er planen å strikke opp nokre huer som Snuppa kan gje klasseveninnene i bursdagsgåver utover hausten. Perfekt sommerprosjekt!
–Nøstet –
[…] fleire huer. Både til jentebursdagar og andre anledninger. Først ut er ei baggy hue som eg har hekla ein gong før. Denne hua skal til Snuppa si besteveninne. Det er viktig å ha likt tilbehør, berre andre […]
[…] « Baggy hekla hue […]