Som nemt i forrige innlegg, så var planen å få strikka opp litt huer til gåvekassa for jentebursdagar ut over hausten. Kassa med tynn alpakka frå ulike garnprodusenter blei tømt i ein pose og tatt med på hytteferie. Det samme blei eit par hefter med huemønster og Klompelompeboka. Snuppa ville at eg skulle strikke Baggylue frå Klompelompeboka. Den er strikka i Merino Extra Fine i boka, men alt eg hadde av det garnet strikka eg opp i vinter då eg fekk dilla på panneband.
Dermed måtte eg modifisere litt for å få til ei liknande hue. Eg la til ein del masker, strikka felta med glattstrikk og perlestrikk så lange som eg syns det passa og felte litt bråare enn kva Klompelompe sa eg skulle gjere. I tillegg valgte eg å skifte farge i perlestrikkfelta for å få brukt opp mindre rester.
Strikkefakta:
Mønster: Fritt etter Baggylue frå Klompelompe.
La opp 120 masker, strikka vrangbord eit stykke, eit felt med glattstrikk, deretter perlestrikk og gjentok dette tre gongar. Eg har strikka perlestrikkfelta tre omgonger lengre enn glattstrikkfelta. Tilslutt strikka eg nok eit felt med glattstrikk.
Sidan eg la opp 120 masker som er deleleg med seks, blei første runde med felling strikk 4 r, 2 masker rett saman.
Strikka to omgonger rett, deretter 3 r, 2 masker saman.
Strikka to omgonger, deretter 2 r, 2 masker saman.
Dei neste omgongane felte eg kvar omgong, først 1 r, 2 masker saman, neste omgong 2 masker saman heile omgongen, og den siste omgongen det same ein gong til.
Dei siste maskene snurpa eg saman.
Eit tips når du skifter farge til perlestrikkfelta er å strikke første omgong rett, ellers vil ein trekke med seg hovudfargen opp i første perlestrikkrad.
Garn: Drops Alpaca. Huene veg ca 50 gram. Ca 30 gram av hovudfarge og 20 gram av mønsterfarge.
Pinne: 3.0
No tar eg ein pause frå huestrikk for å få få ferdig nokre andre UFOar som har blitt liggande ei stund.– Nøstet –
[…] har produsert enda fleire huer. Både til jentebursdagar og andre anledninger. Først ut er ei baggy hue som eg har hekla ein gong […]