Sparkebuksa i hentesettet frå Nøstet er no brukt til tre gutar. Den er like fin, og ekstremt velbrukt. Dette er det beste plagget vi har hatt, og ei sånn bukse blir dermed obligatorisk gåve til alle nyfødde! Første baby får eplegrøn bukse.
Strikkefakta
Mønster: sparkebuksa i Sandnes sitt hefte 0912
Garn: Rauma baby Panda i farge 78
Pinne: 3
No gjenstår det berre å vente på meldinga. Blir det jente eller gut? Eg er klar for begge delar (litt vel ivrig, kanskje). Heh.
Sett stjerneknappane før, sa du? Det kan stemme. Dei er gjenbrukt frå den herlege nøstebarnvesten, som dessverre måtte ta kvelden til slutt.
-Snella–
[…] « Den aller beste babybuksa […]