Har du ikkje starta på haustgarderoben til dei små enda, så er det på tide! Det er tida for barnehagestart, og snart må ulla fram og på.
Eit av standardplagga i barnehagegarderoben er ein ulldress. Det fins mange flotte mønster, og kvart år kjem det fleire. Eit av dei som kom i fjor haust, var Fanadress med rundfelling. Eg blei umiddelbart i fyr og flamme, og spurte Snella om ikkje Gullet trengte ein slik. Heldigvis passa det bra.
Strikkefakta:Mønster: Modell 26-1 frå hefte Design baby 26
Garn: Rauma baby Panda, fargane som er oppgitt i mønsteret.
Pinne: 2,5
Fargane kunne ikkje passa mottakar betre! Rauma Baby Panda har fleire flotte fargar og er eit veldig godt garn å strikke med. I tillegg held plagga seg kjempebra. Dette garnet har eg strikka hentesett i og Snella har strikka babybukse.Tidligare har eg strikka Høstløvdress til samme gut, og brødrene har fått både Nøstebarndress, Mariusdress og Snorkedress. Denne hausten trur eg alle har den ulla dei trenger, men eg skal nok finne nokre kjekke prosjekt likevel. Det er jo snart på tide å tenke på julegåver òg …
– Nøstet –
Nydelig fanadress, og fargene var flotte!
Tusen takk!