Plutseleg var eldstemann så gammal at han var klar for leirskule. Då er det godt å ha med seg ein god og varm genser til å ha under anorakken! Den forrige eg strikka til han er godt brukt. Han ville ikkje ha genser med fleirfarga mønster på, så vi tråla nettet etter stripete og einsfarga gensere.
Valet fall på Farmengenser. På den lokale strikkebutikken hadde dei ein einaste strikkepakke av Farmengenseren igjen, i damestørrelse XS og blåfargar. Det passa heilt utmerka til min slanke 12-åring. Dette var eit kjapt strikkeprosjekt og genseren blei godt tatt imot av mottaker!
Strikkefakta:
Mønster: Farmengenser fra Rauma
Garn: Mitu, også frå Rauma
Pinne: 4.0
– Nøstet –
[…] eg var ferdig med Farmen-genseren til eldstemann, satt eg igjen med ein del restegarn. Og sidan dette var fargar som guten likte […]