Endeleg rann strikkehelga i Bergen. Snella og Nøstet har inntatt Norsk trikotasjemuseum på Salhus. Det bugnar av pirrande garn og vrimlar av lekre strikkaplagg på oppglødde deltakarar.
Vi har hatt gleda av å delta på Kristin Frøsland sin workshop om å ta gode bilete av strikk. Veldig bra! Om vi lærte noko? Døm sjølv:
Takk for oss, det var ein super dag! Vi har fråtsa i Quince&co frå Viitre, Rosy Green Wool frå Nina Petrina, og Museumstvinn – museets eige kamgarn tvinna på den gamle tvinnemaskina frå 1934.
Nokre velmente tips til arrangørane: Neste gong vil vi ha meir plass! Meir plass og ro til å sitte og strikke og prate – det var jo så god stemning og mange kjekke damer å bli kjent med. Og meir plass til utstillarane – vi ville jo handle masse garn, studere nyskapande modellar og kjøpe kult tilbehør. Men det var for krøbelt, mykje vart raskt utseld, og vi reiser med tommare koffertar enn vi hadde tenkt.
–Snella og Nøstet-
[…] Strikkefakta: Oppskrift: «Løvlisjal» av Elisabeth Steenks, @_strikkelisa_ på Instagram Pinne: 3,5 mm Garn: Kvit Sandnes Lanett. 054 og 055 (grønfargar) Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool, kjøpt frå NinaPetrina då vi var på Bergen Strikkefestival. […]
[…] kjøpte eg på Salhus når vi var på Bergen Strikkefestival ifjor. Det tråder i raud, oransje og rosa som er tvinna til garn og det gjer at det blir eit […]
[…] Chickadee er garnet sitt, altså. Hespene eg plukka opp på strikkefestivalen i Bergen er som sukkertøy i fargane og glir så fint, så fint på pinnane. Kaisavottane var det perfekte […]
[…] og dei var utruleg kjekke å strikke. Eg starta å strikke desse like før vi var på jentetur til Bergen Strikkefestival og har strikka på dei i rykk og napp mellom andre […]
Hei! Så hyggelig og fint innlegg dere har skrevet om strikkefestivalen. Vi tar med oss alle tilbakemeldinger, og lover allerede nå et større marked og og bedre plass neste år. Får vi også lov til å dele innlegget deres på Facebook?
Hilsen
Ellen,
Bergen Strikkefestival
Hei! Så hyggeleg at de fann vegen til bloggen vår. Vi gler oss allereie til neste år, og vi blir veldig glade om de deler innlegget vårt på Facebook!