Hausten er her definitivt, sjølv om vestlandet har finare dagar enn vi hadde heile sommaren. Men kalde morgonar og kveldar gjer at det er godt å ha ei ulljakke i beredskap. Forrige sesong strikka eg Bellajakke i Sterk til Snuppa. Bellamønsteret er enkelt og dekorativt, og det har eg strikka før i tunika og Snella har strikka kjole. Mønsteret er som sikkert dei fleste veit frå hefta til Lene Holme Samsøe.
Denne sesongen er jakka framleis i bruk. Den har blitt litt vid i halsen etter mykje bruk, så her om dagen hekla eg rundt halskanten for å stramme den opp litt. Det ser ut til å verke fint, og Snuppa er fornøgd med å kunne bruke favorittjakka enda ei stund til.
– Nøstet –
Legg att eit svar