Endeleg var det Snella sin tur til å fylle år! Sidan det var rund dag var det klart at det måtte bli ei gåve som var ekstra fin. For halvanna år sidan hadde Malsen og Mor fine garnpakkar med mønster på Ugleteppe Unni. Dei ulike fargekombinasjonane hadde fått namn etter forskjellige ugler. Kva ugletype eg endte opp med kan eg ikkje hugse, men eg håper at desse fargane kan passe hos Snella.
Det fantastiske mønsteret er designa av Ann Myhre/pinneguri og kan kjøpast på Ravelry. Eg kan ikkje lenger finne garnpakke hos Malsen og Mor, men fargar kan ein jo velge som ein vil sjølv.
Strikkefakta:
Mønster: Ugleteppe Unni av Ann Myhre/pinneguri.
Pinne: 2,5 og 3mm
Garn: Malsen og Mor – Shetland Supersoft
Eg strikka teppet rundt og hekla langs kantane før eg klipte. I mønsteret står det at det teppet skal ha enda ein rapport med uglene i dei ulike fargane, men det ville eg ikkje hatt nok garn til. Då ville det óg ha blitt veldig langt. Mulig eg har strikka litt lausere enn det skulle. Eg blokka teppet og då kom uglene veldig fint fram. Heile teppet veg under 500 gram, men sjølv om det er eit tynt teppe vil det varme godt med reint ullgarn som er dobbelt heile vegen pga mønsterstrikken.
Eit sånt teppe skulle eg absolutt hatt sjølv, men etter ein haust med intensiv strikking på ugler tenker eg at det blir kjekt å strikke andre mønster ei stund.
– Nøstet –
Så fint det ble!
En dag må jeg også strikke meg et uglepledd 🙂
Tusen takk! Alle treng eit uglepledd! Dette var eit veldig fint mønster frå Pinneguri! På Ravelry ser eg at nokon har forenkla det og heller strikka striper deler av pleddet. Det er aller finast med berre ugler, men kanskje litt meir overkommeleg om det ikkje var så mange av dei! Kommenter gjerne igjen om du strikker det, sånn at vi får sjå korleis ditt blir! Helsing Nøstet!