I mi verd er det høgsesong for femårsdagar no. Det er stor stas – spesielt når det er små veninner som har bursdag. Som mor til tre gutar ser eg det som mitt privilegium å lage søte, jentete ting i gåve.
I år har eg som uttalt mål å bruke mest mogeleg restegarn og stæsj frå lageret. Den blå filtveska var eit spontantkjøp på Panduro for mange år sidan, og med søt heklapynt passa ho fint til ei ung dame.
Heklefakta: Mønster: May Roses frå Attic 24 (Thanks for sharing!) Garn: Restar av Drops Muscat etter vimpelprosjekta. Heklenål: 3,5.
Blomstene var artige å hekle, så eg laga likegodt nokre nåler som skal få pynte opp pakkar, med det same. (Laga av ein blomst og eit lauv med sikkerheitsnål på baksida.) Mellom anna har den fancy nøkkelringen og duskeblingsmykket over her fått innpakning med blomsternål.
God søndag! Det er ein flott hekledag i dag.
–Snella–
Legg att eit svar