Det er gøy å finne gåve når eit tysk fadderbarn med foreldre som elskar det nordiske uttrykket, fyller år. Formel: Eit lekkerlekkert produkt frå Blafre og noko heimelaga i nordisk stil. I år vart det drikkeflaske og ei søt, hekla vimpelrekke av restegarn.
Heklefakta | Mønster: inspirert av Cupcake by me via Pinterest. Mønster trengst eigentleg ikkje, men det finst på Karen Klarbæks verden. Garn: bommullsgarnrestar, mest Mandarin petit kjøpt inn i mengder på sal. Heklenål: 3,5
Filtkulene er frå same sal. Tråden i vimpelspissen er berre trukken gjennom kula og knuta med dobbelknute.
Frå før har denne guten fått umaroteppe og den søte heklaelgen Helge. Mammaen har fått eit vakkert sjal i duse fargar.
Vimplar har vore i populære lenge, og det var gøy å variere litt. Frå før har eg hekla eit utal vimpelrekker i meir romantisk stil.
For å halde på stilen, blir gåva pakka inn eit delikat papir med eit litt stramt kort. Det må vere skikkelege frimerke utanpå.
Slik får du gåve-til-noregsvenvenner-stilen:
Full pakke: søt vimpelrekke i nordisk stil; norsk gåvepapir frå Epla; naïvt kort med rev frå Moia; drikkeflaske frå Blafre (eg har kjøpt med ein ekstra kork med tut); norske flagg; norskromantisk frimerke med kronprinsesse Mette-Marit.
–Snella–
Legg att eit svar