Samstrikkprosjekt er kjekt! Pickles-kjole har stått på siklelista ei stund, og Puno-garnet er så skjønt, så skjønt. Og dyrt. Men når begge fekk pengar i bursdagsgåve, kunne det berre bety Puno-tid!
Resultatet vart to herlege plagg som hjelper frosne sjeler gjennom mørke tider og inn i våren.
Strikkefakta:
Oppskrift: Dagny-kjolen fra Pickles, gratis oppskrift i KK nr 42/2016. Kjolen er strikka ovanfrå og ned. Garn: Puno Alpakka frå Rauma. Pinnar: 4,5 og 5,5.
Tunikaen: Garnfargar: burgunder nr. 5434, bringebærraud nr. 877 og cerise nr. 838. Totalt 480 g. Eg la opp til str. XS, men litt meir enn mønsteret sa før deling til bol og armar. Eg strikka òg to omgangar ekstra både før og etter deling for at det skulle bli plass til å røre armane.
På eit tidspunkt gjekk eg tom for burgunder, og dermed vart det ein tunika. Armane er ekstra lange, og vrangbordene er 28 omg. lange. Stripene er strikka sånn: 28 omg. i nr. 5434 + (7 omg. i nr. 838 og 7 omg. i nr. 877) x 2.
Kjolen: Fargar: burgunder nr. 5434, bringebærraud nr. 877, totalt 500 g. La opp til str. S, men auka til 256 masker for å få den vid og lang nok til å rekke til deling for armar og bol. Stripene er på 28 omgonger i kvar farge. Strikka den så lang som det var garn til. Strikka armane lenger enn oppskrifta sa.
Det er nesten synd det er blitt vår, slik at vi må legge vekk kjolane ei stund. Men berre nesten.
–Snella og Nøstet–
Legg att eit svar