Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Dette og hint’ Category

God påske


Vi håper alle saman har ei flott påske! Snella har sett kursen sørover for å kjenne på sommarvarmen, mens Nøstet nyt late dagar på hytta ved sjøen! 

  

Snella og Nøstet –

Read Full Post »

å ha besøk av besteveninna og lage muffins med sjølvplukka blåbær frå hagen (og litt rips frå fryseren).

Kva kan vere betre enn ferske blåbær i muffins

Kva kan vere betre enn ferske blåbær i muffins

Lukka for mor er å kunne slappe av på verandaen med strikketøyet,

Akkurat varmt nok til å sitte ute og strikke med ullgarn

Akkurat varmt nok til å sitte ute og strikke med ullgarn

gjerne med nybakte muffins med bær (som Snella gav meg idèen til).

NAM!

NAM!

– Nøstet –

Read Full Post »

Pinsehelga er tilbragt på hytta ilag med små og store vener. Vestlandet fekk plutseleg sommar og den har vi kosa oss med frå morgon til kveld. Dagane har gått med til tur i fjæra, trehyttebygging, bading og roing.

Av handarbeid tok eg med garn til Blueberry Waffle Socks, etter at det kom eit tips på uformelt om å strikke med dobbelt garn. Så no har eg starta på to par, eit med ein kombinasjon av Regia og Fabel og eit med Opal og Fabel. Oppskrifta ligg igjen heime, så når eg kom til der hælen starter måtte eg ta pause. Det kan jo vere at det er nokon triks å ta med seg på hælkappa!

20130520-114110.jpg

20130520-114402.jpg

Read Full Post »

Valentinsdagen blir ikkje feira i Nøsteheimen, men kort er kjekt å få uansett kva dag det måtte vere. Og det får eg rett som det er av Snuppa, som nærmer seg 4 år. Ein dag ho var sjuk, teikna ho meg og Nøstemannen slik ho ser oss. Teikninga heng på veggen, og eg smiler kvar gong eg ser den.

Nøstemannen og Nøstet

Nøstemannen og Nøstet

LÆRDOM

Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtest
sjeldan.

Snakk heller om å gå til fots
gjennom titusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska er å tenne lys
og tørka tårer,
natt og dag.

Alf A. Sæter

Nøstet –

Read Full Post »

Snuppa har akkurat begynt å interessere seg for Barbie. Eg har difor strikka to kjoler som ho får i adventskalenderen sin. Kjolane fann eg oppskrift på i Alt om Julen frå 2006 då eg såg etter juleidéer i julebladsamlinga mi. Har du ikkje bladet kan du finne over 1000 Barbiekle-oppskrifter på «Sticka til Barbie».

Barbie-kle er ein kjempefin måte å få strikka opp restegarn og noko det snåle og syntetiske effektgarnet som på merkeleg vis har havna i garnlageret. Det kjem nok til å komme fleire kreasjonar etterkvart.

Denne raude fluffy kjolen er strikka i Lanett og Funny, og her er Barbie verkeleg klar for julefesten.

Barbie klar for julefest

Barbie klar for julefest

Skal ho derimot på julebord er det kanskje kjekkere med ein kortare variant. Denne er strikka i Arista frå Anchor og «pelskanten» nederst er i Funny.

Barbie klar for julebord

Barbie klar for julebord

Snuppa har foreløbig berre opna pakken med den svarte kjolen. Ho kom springande til meg strålande fornøgd og kunne fortelje at ho hadde fått ein bandasje med glitter på i kalenderen. «Ein sånn ein eg kan bruke viss eg knekker armen, mamma!» Vel, vi får vel håpe at Barbie får meir bruk for den…

– Nøstet – 

Read Full Post »

Vår!

Her på Vestlandet har vi hatt ei veke med fantastisk veir! Ei heil veke utan regn, og relativt lite vind. Det har vore ei travel tid i Nøsteheimen der det meste av tida utanom jobb har gått med til å hjelpe familiemedlemmer på flyttefot med flyttelass og nedvask. No nærmer det seg heldigvis slutten på dei prosjekta, så då kan eg bruke energien på det eg likar aller best, nemleg handarbeid.

Vårstemning

Men innimellom all flyttinga så har eg lurt meg ut på verandaen og nydt solstrålande! Måtte det vare!

Det blomstrer på verandaen

Nøstet –

Read Full Post »

Endeleg er påska her. Sjølv om Nøstefamilien skal på herr Nøstet si familiehytte ein del av påska, har vi pynta litt i heimen. Med små ungar blir det produsert ein del påskepynt på skule og i barnehage, og dette må sjølvsagt settast fram.

Påskestemning

Laurdag kom Nøstemannen heim med gule tulipanar etter at han hadde vore på hyttetomta. Ja, det er ikkje kvar veke han tar med blomar heim, men desto hyggelegare når det skjer. Og han veit at tulipanar er ein av favorittane.

Gule tulipanar

Tulipanane får stå på salongbordet. Under vasen ligg påskeløparen som eg laga på eit vevkurs eg var med på ein gong. Kjempekjekt kurs der det blei laga mange produkt, men denne er vel den einaste eg med stolthet vise fram.

Håpar alle får ei triveleg påske!

 

Nøstet –

Read Full Post »