Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘handverk’ Category

Nøstet har feira rund dag! Hurra og gratulerer! Ein så skjønn skapning måtte få ei heilt spesiell gåve. Sidan ho er glad i bunaden sin og til og med kan sy sjølv, vart det to bunadshårklyper i spesiallaga oppbevaringspose med perlemønster. Posen er ein variant av eit pulsvarmarmønster til bunaden vår frå Sunnfjord.

bunadsharklyper-og-smykkepose-med-perler

Strikkefakta
Mønster: Modifisert versjon av pulsvante frå Dale i Sunnfjord, henta frå Magasinet BUNAD, som igjen har henta oppskrifta frå boka Håndplagg til bunader og folkedrakter av Heidi Fossnes, Damm 2003. I oppskrifta blir  framgangsmåten godt forklart.
Garn: Naturkvit og lavendelfarga babyull
Pinnar: 2,5
Perler: Skimrande småperler i nyansar av lilla, gull, grønt og blått. Du treng òg ei tynn nål og sytråd til å få perlene over på strikkegarnet med.

Eg har lagt opp ti masker meir enn oppskrifta seier. Holrada til den tvinna strammetråden er laga med eit kast og to rett saman på kvar sjette omgang ti masker frå kanten. Til slutt er posen sydd igjen.

strikka-smykkepose-med-perler-til-bunadssolv

-Snella-

Reklame

Read Full Post »

I haust blei strikkeveninna 40 år. I den anledning fann eg ut at eg skulle sy ho ei flott veske. Eg og Snella spleisa på gåva som var veska fylt med masse saker for egenpleie og velbehag.

Litt å kose seg med

Litt å kose seg med

Snella strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar reisestrikkekorg.

Mønsteret på veska kjøpte eg av Noodlehead, og den heiter Super Tote. Det var viktig at veska var stor nok til å romme A4 sånn at den kan brukast til det meste. Eg har ikkje så mykje erfaring med å sy vesker, dei få eg har sydd har vore svært enkle og eg har gjerne gått på kurs då eg sydde dei. På eit par punkt i mønsteret var eg litt usikker på kva eg skulle gjere, men eg trur eg fann ut av det. Eg blei iallefall fornøgd med veska til slutt.

2013-11-09

Om eg ein gong skulle få litt ekstra god tid har eg lyst til å sy fleire, for denne veska blei kjempefin. Ganske mykje arbeid og litt frustrasjon innimellom, men vel verdt det når den var ferdig.

Super Tote

Super Tote

Eg har sydd veska i svart kordfløyel kjøpt på Stoff og Stil. Panelet på framsida er eit stoff kjøpt på Åhlens for nokre år sidan og stoffet til fôr er så gammalt at eg ikkje husker kor eg kjøpte det. Det er eit heilt vanleg tynt bomullsstoff som ein får på dei fleste butikkar som har stoff i metervare. For å få veska litt stabil har alle delane påstrøke vliselin på baksida.

 

Nøstet –

Read Full Post »

Det er sopptid, og sidan Fikslein skulle bli storebror i september, skulle han få flugesoppmøblar i storebrorgåve. No hadde rettnok Skjønnas hastverk og kom i august, men gåva vart likevel til som planlagt.

*

Bord malt som fluesopp

*

Det gamle, arva bordet såg sine betre dagar i 70-åra. Det passa godt inn i det gamle biblioteket vårt, men i den nye heimen passa det ikkje.

*

Flugesoppbord før

*

Eg pussa bordet godt ned og lakka det med kvit lakk. Så fekk beina litt gras av grøn lakk, og toppen eit par strøk raud lakk. Prikkane har eg måla på ved hjelp av ein heimelaga sjablong av kontaktpapir. Til slutt spraya eg på eit lag klarlakk. Ferdig!

*

Flugesoppsett

*

Krakken kjøpte eg på sal på Åhléns i fjor.

*

Flugesoppkrakk frå Åhléns

*

Møblane vart møtte med stor begeistring, og no står dei og lyser opp kjellarstova, som har utsikt til naturtomta vår med blåbær- og tytebærlyng. God haust!

Flugesoppar

Snella

Read Full Post »

Ein sjeldan gong klarer eg å utnytte fridagen til det fulle, kreativt sett. Denne søndagen var desverre ikkje av den sorten, men forrige søndag var energien på plass og vestlandsveiret tilsa innandørsaktivitar.

På føremiddagen fekk eg prøvd ut ei oppskrift på grove Polarbrød. Oppskrifta henta eg frå tanketanken. Eg laga dei runde og litt tynnare enn oppskrifta. Polarbrøda var ein stor suksess både for store og små, og mange forsvant allereie før dei kom i posar.

Polarbrød

Polarbrød

Ettermiddagen blei tilbrakt på syrommet. Sofaen trengte ein oppdatering med nye puter. Stoffet blei kjøpt på Åhlens for eit par år sidan, så det var påtide å trylle det om til noko.

Nye sofaputer

Nye sofaputer

Deilig med sånne produktive søndager!

– Nøstet –

Read Full Post »

For omlag ein månad sidan var eg på besøk i det nye huset til Snella for først gong. Det er sjølvsagt på sin plass å ha med innflytningsgåve, men det syns eg var vanskeleg denne gongen. Sidan oppussingsplanane ikkje var heilt fastlagt og var det ikkje lett å komme på noko som skulle passe inn. Til slutt bestemte eg meg for å heller lage noko til Snella og kjøpe ei flaske Prosecco  når eg var vel framme. Proseccoplanen blei forkasta når eg blei innvia i den kjekke nyheten som Snella hadde, men eg kunne iallefall overrekke Leftie som eg hadde med.

Leftie

Leftie

Leftie har eg strikka i Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka og lauva er i rester av Drops Alpaca. Sjalet var kjempekjekt å strikke, så det skal eg heilt sikkert strikke fleire av etterkvart. Super måte å bruke opp smårester på sidan det ikkje gjekk så mange gram på kvart lauv.

Snella har strikka eit sjølv til eine systra si, sjå her kor ulike det blir med ein anna farge!

– Nøstet –

Read Full Post »

Heilt sidan eg laga denne skjønne sjiraffen i dåpsgåve til Fikslein har Strikkeveninna snakka om at ein sånn skulle ho hatt på syrommet sitt. Ut på hausten ifjor hadde eg og Snella ein liten sjiraffverkstad der ho laga Viktualia til Cysta og eg denne frøkna til Strikkeveninna.

Frøken sjiraff

Frøken sjiraff

Eg storkosa meg med fargerike stoff og perler. Det er klart at ei så flott frøken må ha både smykke og armband. Endeleg fekk eg brukt litt pompom-band som eg hamstra på Panduro ein gong, og det prikkete stoffet har òg vore i lageret ei god stund. Tilslutt fann eg ut at frøkna måtte ha veske. Veska blei til av restegarn og innfallsmetoden.

Frøken sjiraff

Frøken sjiraff

No fekk eg lyst på ei sjiraffrøken sjølv!

– Nøstet –

Read Full Post »

Julegåva til Nøstet og ei anna god og strikkeglad veninne var denne gongen ei spesialdesigna T-skjorte med hovudskalle, strikkepinnar i kors og påskrifta «strikk eller stikk» i litt grøssinngytande, gotisk skrift.

.

Strikk eller stikk T-skjorte

 

.

Idéen fekk eg frå ein episode av Gilmore Girls, der hovudpersonen Lorelai har på seg ei fantastisk T-skjorte med liknande motiv og teksten «Knit or go home». (Originalen kan kjøpast herifrå.)

.

Lorelai Gilmore med original-T-skjorta

Lorelai Gilmore med original-T-skjorta

Eg ville sjølvsagt ha teksten på norsk og er svært nøgd med mi eiga omsetjing «strikk eller stikk».

Motiv strikk eller stikk

Den den sympatiske hovudskallen har eg lånt her. Eg er ikkje så veldig avansert, så motivet er ganske enkelt laga i PowerPoint og lagra som bilete. Deretter har eg skrive biletet ut på spesialpapir kjøpt på Tchibo og stroke det på T-skjorta.

Veldig vellukka gåve!

Snella

Read Full Post »

1.desember!

Kl 06.55 starta dagen i Nøsteheimen med høglydt jubel frå fem barn.

Vi har besøk av ei niese og ein nevø i helga, og det er klart at kalendergåvene må vere med på helgebesøket. Mine to eldste og niesa har «kjøpekalender», mens nevøen og Snuppa har kalendergåver heimanfrå. Nevøen fekk henge si på Snuppa sin kalender, og det var som sagt stor jubel når den første gåva skulle opnast.

Julekalender klar for fleire pakkar!

Julekalender klar for fleire pakkar!

Kalenderen er den samme som tidlegare, den broderte eg med hjelp frå mamma til Nøsteguten for mange år sidan.

Som du kan sjå mangler det litt gåver. Mange er kjøpt inn og nokon held eg på å lage. Berre å hive seg i innpakkinga. Og så håper vi at entusiasmen framleis er stor i morgon, sjølv om den godt kan starte litt seinare ut på morgonen.

– Nøstet –

Read Full Post »

Juleverkstad i november? Kvifor ikkje. Desember pleier alltid å bli travel, så eg og to veninner bestemte oss for å treffast nokre kveldar for å støype lys allereie no.

Lysmasse og farge blei kjøpt inn frå Panduro. Godt humør og kreative støypeformer blei medbrakt, og vi satte igang.

Vi laga lys med raud, lilla, grøn og turkis farge, og støypte i ananas og maisboksar, glas som har vore barnemat og tomatpurè i, i melkekartongar, julekoppar og vinglas som ikkje lenger var i bruk.

Lysstøying

Lysstøying

Vi var godt nøgde med resultatet sjølv om det ikkje levnar nokon tvil om at dette er heimelaga lys. På siste samlinga pynta vi boksar og glas med det ulike papir, blonder og band.

Så spørs det om nokon får heimelaga lys til jul eller om eg rett og slett vil behalde dei sjølv.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Über allen Gipfeln
ist Ruh
in allen Wipfeln
spührest Du
kaum einen Hauch
die Vögelein schweigen im Walde
warte nur balde
ruhest Du auch

Goethes uendeleg vakre dikt Ein Gleiches (Wanderers Nachtlied II) kan brukast til meditasjon. Sjølv ikkje tysk grunnfag med gjennomanalysering klarte å knekke gleda mi ved dette diktet.

Det finst mange omsetjingar til norsk, men aller vakrast er gjendiktinga til den eineståande Hartvig Kiran:

Over alle tindar
er ro
Og alle vindar høyrest no
knapt som eit sòg
Småfuglen blundar så varleg
Vente no! Snarleg
kviler du òg

Eg har planlagt å måle Ein Gleiches på kjøkenveggen i Berlin ­– med illustrasjonar. Eg begynte med illustrasjonane. Så langt har eg komme til tindane det ligg ro over:

Og den tagnande/blundande småfuglen:

Det kan hende prosjektet ikkje blir fullført på lang tid, for jammen har det ikkje snike seg inn ei preposisjonsrekke på kjøkenveggen:

Snella

Read Full Post »

Older Posts »